- Me har noko me kan vera
stolte av, seier Ove Gåsdal, formann i Samnanger jeger-
og fiskarlag.
Og det er ikkje sjølvskryt. Dei kom like frå Kirkenes
i nord til Bykle og Karmøy i sør og Brunlanes
(Vestfold) i aust og lét seg imponera då den nye
tilveksten til jegersportanlegget i Gaupholmsmarka vart innvigd
med to stemne sist helg. For maken finst ikkje på heile
Vestlandet.
Ivar Bård
Aadland
Lokalavisa Samningen
I 2000 tok Samnanger jeger- og fiskarlag fatt
på den siste utbygginga av anlegget til ein verdi på
vel ein million. Med det er det ikkje få millionar som
er lagde ned i pengar og dugnad for å få eit topp
anlegg for jegersport ved skytebana i Gaupholmsmarka. Anlegget
har no 12 kastemaskiner for leirduer, og ein ny standplass
i tillegg til den overbygde laget hadde frå før.
I ein vanleg jegertrap-konkurranse fyk leirduene ut rett framfor
skyttarane. Men i compact-sporting, som den spesielle konkurranseforma
vert kalla, kjem duene frå alle kantar. Sume kjem inn
frå sidene, andre rett imot eller rett ifrå; sume
flaksar opp rett framfor skyttarane og atter andre kjem fykande
bakfrå over hovuda på dei.
- Eg vil oppfordra jegerane til å koma opp og prøva
seg. Det vert ei heilt anna trening enn før, og eg
trur dei kjem til å lika dette. Og det er ikkje spesielt
vanskeleg, påstår Ove Gåsdal, som lovar
å programmera maskinene så det vert passeleg lett.
For her som i mange andre sportsgreiner er det datateknologi
som styrer ståket. På compact-sportinga laurdag
kjørte dei på dublettar. Ikkje før hadde
ei leirdue kome fykande frå ein kant så var ei
anna i lufta frå ein heilt annan kant. Så her
gjaldt det å ha augene med seg og brenna av kvikt nok
mot den første for å vera klar til å sikta
seg inn mot den andre.
Imponerande, syntest Samningens utsende.
- Imponerande!
Og det var han ikkje åleine om.
- Eg er imponert over anlegget, sa Per Øyvind Asbjørnsen
frå Bykle JFF. Saman med den utflytta bergensaren Tom
Vatslid og Liv Mandt var han på studietur for å
sjå på anlegget og henta tips til NM som Bykle
JFF skal skipa til på Hovden i juli. Hovden er velkjend
som vintersportsstad, men no vil dei også ha det til
å skje noko sumarstid. Så vesle Bykle JFF har
teke på seg å få ferdig utbygd anlegg til
å halda NM der i juli.
- Dette ser veldig bra ut. Dei har gjort ein kjempejobb, seier
Vatslid i NM-komiteen. Han synest det er hyggjeleg å
vera på stemne i Samnanger, og nyttar samstundes høvet
til å ynskja alle velkomne til NM på Hovden.
Like frå Kirkenes kom Birger Ryeng i Sør-Varanger
JFF og Robert Flatlie i Neiden JFF. Dei kom fram natt til
laurdag og reiste heimatt sundag ettermiddag. Lang reis? Ja,
men reisetida er kortare enn når dei kjører 45
mil for å delta i eit stemne i Alta, fortalde dei. Noko
liknande anlegg som i Gaupholmsmarka må dei heilt sør
til Mo i Rana for å finna. Og karane frå Kirkenes
var også tydeleg imponerte over kva Samnanger JFL har
fått til: - Det ser veldig bra ut!
Bjarte Linga i form
Vêrgudane var litt vrange sist helg, men ikkje verre
enn at opningsstemna vart svært vellukka også
når det gjeld resultat. I compact-sporting på
laurdag var Paal Kråkenes frå Bergens JFF suverent
best av dei 29 deltakarane med 91 av 100 mogelege treff. Vår
eigen Bjarte Linga kom på delt 2. plass med 85 treff.
I 100-skotsstemnet i jegertrap sundag var det 46 deltakarar.
Dei beste etter 100 skot skyt ein finale på 25 skot.
Igjen viste Paal Kråkenes seg som den beste med heile
123 treff - berre to bommar på 125 skot. Men Bjarte
Linga følgde hakk i hæl med 122 treff. Begge
hadde fullt hus i finalen. Også Johannes Egil Kulild
var mellom dei sju i finalen, og han kom på 4. plass
med 119 treff.
|



|