|
Når anlegget til Samnanger jeger- og fiskarlag står
ferdig utbygd seinare i haust, finst det knapt eit einaste
anlegg på heile Vestlandet som kan by betre tilhøve
for trening og konkurransar.
Ivar Bård
Aadland
Lokalavisa Samningen
Samningens utsende har teke ein rusletur for å sjå
seg om på anlegget ute ved skytebana saman med Ove Gåsdal,
formannen i Samnanger jeger- og fiskarlag. Frå den første
bana vart teken i bruk i 1986 har anlegget vorte bygd gradvis
ut med overbygg over standplass, lagerbygg og ei bane nummer
to som vart teken i bruk for eit år sidan. Anlegget
i Gaupholmsmarka er det einaste i Hordaland med to baner.
- Det er fint å ha to baner på treningane. Då
kan me bruka den eine til dei som treng instruksjon, medan
dei aktive kan øva på den andre. Og det er eit
kjempepluss i konkurransar. Det såg me ikkje minst under
100-skotsstemnet nyss. Skyttarane veksla mellom dei to banene,
og stemnet vart raskt avvikla, fortel Ove Gåsdal.
Også jegersporten endrar seg. Den tradisjonelle jegerstien
der deltakarane vandrar i terrenget og skyt frå ulike
hald, er på veg til å verta avløyst av
den nye konkurranseforma "kompaktsporting", eller
berre "sporting". Då står skyttarane
på same standplassen, men leirduene kjem flygande frå
alle kantar - ikkje berre i ulike vinklar ut frå standplass.
Og Samnanger jeger- og fiskarlag følgjer med tida.
Laget hadde planar om å laga gruslagde stiar ut i terrenget
som skyttarane kunne gå på. Men då den nye
konkurranseforma sporting, som også er NM-grein, dukka
opp, vart planane lagde om. No skal det plasserast kastemaskiner
ulike stader ute i terrenget. Og vegane laget har arbeidd
opp på dugnad i haust, skal brukast til å frakta
duer ut til kastemaskinene. I alt sju av dei ti nye maskinene
laget har tinga, skal plasserast ute i terrenget slik at leirduene
både kan koma sidelengs, over og mot skyttarane - i
tillegg til den vanlege kasteretningen ut frå standplass.
Elektronikken og datastyringa har gjort sitt inntog også
i denne sporten, så kastemaskinene kan programmerast
alt etter kva retning skyttarane vil øva på.
I konkurransar er det mogeleg å programmera svært
vanskelege seriar. Men det er ikkje poenget, meiner Ove Gåsdal:
- Det viktigaste er å ha baner som er fine å skyta
på slik at skyttarane får gode resultat, meiner
han. Og at bana i Gaupholmsmarka er mellom dei beste i så
måte, vart til fulle prova på 100-skotsstemnet
tidlegare i haust.
Den nyaste bana ligg rett framfor standplassen for 100 m baneskyting,
som Tysse skyttarlag har. Difor kan ikkje standplass på
den bana få fast overbygg. Men jeger- og fiskarlaget
er no i ferd med å få laga opne "bur"
med tak over slik at skyttarane kan stå nokolunde tørt
når regnet høljar ned. Utan fast overbygg er
det også mogeleg å flytta sjølve standplassen
lenger bak, slik det vert gjort i den vanskelege OL-greina
dobbeltrap.
Jeger- og fiskarlaget har fått lovnad på 348.000
kr i tippemidlar til million-utvidinga av anlegget. Det dekkjer
mest heile kostnaden med dei nye kastemaskinene. Frå
før har Frank Mohn-bedrifta skote inn 80.000 kr. Laget
greier seg med eit lån på knappe 200.000, for
resten vert gjort på dugnad. I tillegg til grøfting,
vegbygging og grusing er det faste overbygget støyisolert.
No står det att å laga rampar for kastemaskinene
ute i terrenget. Den endelege plasseringa er det arkitekten
og primus motor bak utvidinga av anlegget, Johannes Egil Kulild,
som skal peika ut. Men han var på arbeid i Nordsjøen
og kunne ikkje vera med på vandringa vår denne
kvelden.
- Me er svært godt fornøgde med dugnaden i haust.
Det har vore bra med folk og me har hatt god hjelp av folk
med traktor, så me har fått utført mykje
meir enn det me hadde tenkt, seier Ove Gåsdal.
Formannen i jeger- og fiskarlaget er elles ikkje berre oppteken
av å ha eit anlegg som er førsteklasses reint
sportsleg. Han vil også ha eit anlegg som er vakkert
å sjå til og triveleg å opphalda seg på,
både for skyttarane og familiar som slær følgje.
Difor prøver laget å pynta opp med blomar, plantar
og plen. Bak klubbhuset er det dessutan meininga det skal
leggjast heller. Så når alt står ferdig
og dei nye kastemaskinene er på plass seinare i haust,
kan Samnanger jeger- og fiskarlag truleg skilta med det beste
anlegget for jegersport på heile Vestlandet.
|
|