NM-tittel til Linga

 
Samningen Bjarte Linga slo sist helg til med å vinna NM i nordisk trap, ei av greinene som finst innan leirdueskyting.

Øyvind Strømmen
Lokalavisa Samningen

Konkurransane i denne greina er det Noregs Skyttarforbund som står for, og for å få høve til å delta har samningane starta opp Samnanger Sportsskyttarlag.
Fire frå laget var med på NM i Sarpsborg, men berre to av dei var samningar, sidan det også er utanbygds medlemmer. Dei to var Bjarte Linga og Marian Nossen. Og dette var definitivt Linga si helg; etter ein spanande finale stod han att som vinnar og noregsmeister - og i tillegg var han med på å skaffa ein god sjetteplass til samnangerlaget, slett ikkje gale blant 32 påmelde lag.

I tillegg til dette er han plukka ut til å vera med på landskamp mot Sverige og Danmark seinare i sumar. - Når eg fyrst skal vera med, går det sjølvsagt føre seg i Noreg, seier Linga spøkefullt då me pratar med han på måndag, litt skuffa over at det ikkje vart utanlandstur av det.

Bana og miljøet viktig
- Det har vorte skote ein del i åras løp, fortel Bjarte då Samningen undrar kva som ligg bak suksessen, men han framhevar samstundes det nye skyteanlegget. - Treninga vert betre no.
- Miljøet er også viktig. Hadde det berre vore meg som dreiv på med dette, hadde eg ikkje gidda å skyta. Skyttarmiljøet i Samnanger er det mange som misunner oss, og no er det vorte ein del nyrekruttering òg, så det er veldig kjekt.

Snart går turen til NM i jegertrap, ein sport som for uvande auge er til forveksling lik nordisk trap. - Reglane er litt annleis, men det er eigentleg minimal forskjell, forklarer Linga. Litt meir forskjell vert det når jaktsesongen kjem og leirduene vert erstatta med verkelege fuglar, men - seier Linga - baneskytinga hjelper på der også. - Ein gjer seg vand til våpenet, det er mange som om lag ikkje rører hagla før dei skal på jakt og då vert det sjølvsagt verre.


   
Samnanger Jerger - og Fiskerlag
Kommentarer til sidene      sist oppdatert 29.04.2004