Samnangerjenter til NM

 

Øyvind Strømmen
Lokalavisa Samningen

Det er vestlandsmeisterskap i jegertrap, det er finale i presskyting og det er ikkje berre leirduer som susar gjennom lufta. Spenninga heng der også. Kven vinn? Vert det samningane sitt håp, Bjarte Linga? Vert det osingen Kenneth M. Sagebakken? Vert det Olav Vidar Melstveit frå Øystese?

Blant publikum er også tre unge jenter, Helene M. Foss, Annette Ingvartsen og Katrine Ingvartsen følgjer spent med på dei siste fem finalistane. Dei er ikkje berre publikummarar. Dei er utøvarar også. I eit par månader har dei drive med jegertrap, og snart skal dei til NM på Hovden i Setesdalen. Som dei einaste tre jentene i juniorklassen. - Me gler oss litt, men gruar oss litt også, fortalde Katrine for nokre minutt sidan.

Dei tre jentene, som også spelar fotball saman, vart biten av jegertrapbasillen etter å ha vore med foreldra på skytestemne.
Det er gledelege nyhende i ein sport som for tida ikkje har den heilt store rekrutteringa av ungdom, noko også Katrine, Annette og Helene har merka. - Me var med på eit stemne i Fusa, og der var det berre ein annan junior med. Heller ikkje i dag er det mange juniorar med. Best av dei er leikangerguten Emil Røysum Skartun med 43 treff av 50 moglege.

   
Samnanger Jerger - og Fiskerlag
Kommentarer til sidene      sist oppdatert 29.04.2004