|
Stevnet vart avviklet med 58 deltakere. Det
var fine forhold begge dager, men dei beste resultata kom
lørdag då tre mann hadde fullt hus 50 treff.
Det har aldri vore oppnådd tilsvarende resultat på
eit vestlandsmesterskap, 15 mann var kvalifisert for finale,
3 med 50, 5 med 49 og 7 med 48 treff. I finalen var det nok
ein del nerver og berre Olav Vidar Melstveit skaut 25 treff.
Dermed var han suveren mester med 75 treff. Det måtte
omskyting til om sølv og bronse, Bjarte Linga fekk
sølv og Eigil Haug bronse. Det var mange med eit flott
resultat som måtte reisa heim uten premie, men med eit
godt resultat kjennes det kanskje vel så bra enn om
ein fekk premie med eit dårleg resultat.
Samnanger vann lagskytinga med 146 treff, på laget var
Bjarte Linga (50), Rolf Inge Foss (49) og Gunnar Unneland
(47).
Press-skyting vart avvikla som 30-skudds compact-sporting
på den nye banen. Dette var svært populært
og det var fullt kjørt begge dager. På lørdag
vann Arild Øvredal med 30 treff, Geir Vie og Yngve
Kartveit følgde på med 29 treff. Søndag
var det nytt program og til trass for stor innsats var den
ingen som klarte å skyte fullt. Bjarte Linga vann med
29 treff, nr 2 Eigil Haug med 28 og tredjeplassen tok Geir
Vie med 27 treff etter omskyting.
Laget har tre junior-jenter som skal på NM i juli, dei
viser fin framgong og søndag var Samningen på
plass og intervjua jentene. Dei vart stadig observert på
sporting-banen der dei fekk prøvd seg på doublèer.
Konklusjon for LM 2003 - Ei triveleg
skytterhelg!
Resultatlister 14-15.06.2003
|
|