|
Samnanger Jeger og Fiskerlag er etter årsmøtet
april 2002 eit ope lag. Men særleg av omsyn til press
på jaktterrenga laget leiger, vart vedtektene endra
slik at innanbygds har ein del særfordeler.
Paragrafen i vedtektene som omhandlar medlemskap
ser slik ut:
Medlemmer.
Kvar velakta person som godkjenner laget sine føremål
kan verta medlem av laget.
Der det er høve til å kjøpa sesongkort
for småviltjakt og laksefiske må medlemen oppfylla
følgjande vilkår:
1. Grunneigarar innanfor kommunens grenser.
2. Fastbuande, som har budd fast innanfor kommunens grenser
i minst 1-eitt-år.
3. Utflyttarar frå kommunen må ha budd i kommunen
i minst 5-fem-år samanhengjande.
4. Ein som er medlem pr 1.1 2002 beheld sine rettigheiter.
5. Ein som oppfyller ovannevnte kan førehandstinga
dagskort der det er reglar for dette.
Medlemer som jobber dugnad har forkjøpsrett
til kjøp av jakt og fiskekort. Styret fastset reglar
for dette.
Laget har mykje å tilby medlemane og ser gjerne at vi
også får medlemer utanom kommunen. Til våren
er vi blant anna ferdig med utbygging av lerdueanlegget i
Gaupholmsmarka. Utbygginga har hatt eit budsjett på
ca 1.1 million kroner og laget har dermed det finaste anlegget
for hagleskyting i Hordaland.
Priser medlemskap 2003:
Hovedmedlem m/tidsskrift kr 405
Barne-/Ungdomsmedlem m/tidsskrift kr 180 (t.o.m. det året
ein fyller 25)
Barne-/Ungdomsmedlem u/tidsskrift kr 100
Pensjonist/Uføremedl. m/tidsskrift kr
305
Familiemedlem u/tidsskrift kr 100
Sidemedlem u/tidsskrift kr 100
|