| Fiske i elva er i dag delt
i to ulike soner. Sone I som er ved steinkaien i osen og sone
II som er resten av elva, frå Tyssebrua på vestsida
og frå Safa-dammen på austsida, opp til Frølandsvatnet.
Sone I: Har ei grense på to stenger/kort
om gangen. I 2003 vert det halvdøgnskort heile sesongen.
Fisketid er fra kl 02 til 13 og fra kl 14 til 01.
Prisar: Medlemmar i Samnanger Jeger og Fisk m/sesongkort kr.
75,- pr.kort.
Ikkje-medlemmar og medlem u/sesongkort kr. 125,- pr. kort.
Sone II: I denne sona er det inga grense
for antall kort/stenger. Her blir det selt heildøgnskort
frå 18.00 til 18.00. Kortet gjeld for heile sona.
Prisar: Sesongkort (berre for medlem i SJFL) kr. 125,-
Ikkje medlem eller medlem u/sesongkort kr. 75,- pr. kort.
For sesongen 2003 vert kort å få
kjøpt på Kommunehuset på Tysse (sone 1
og 2). Kort i sone II vert også å få kjøpt
hjå Solheim Autoservice (Statoil) på Bjørkheim
og hjå Sportsdepoet i Bergen.
|
Fangstrapport
frå Tysseelva
2000
- 2001
- 2002
2003
- 2004
- 2005
2006
- 2007
|