Fiskenemda
i Samnanger Jeger- og Fiskerlag held forhåndssalg
av fiskekort til medlemmar, i klubbhuset på skytebana,
torsdag 03.06.04 kl. 18.30.
Forhåndssalget er berre for medlemmar, og kvar medlem
kan kjøpa inntil to kort for sone I (ved steinkaien).
Det vert også høve til å kjøpa
sesongkort og/eller kort for sone II (oppe i elva).
Prisane er dei same som i fjor, og alle kort må betalast
kontant på forhåndssalget.
I utgangspunktet er det krav om personleg frammøte,
men medlemmar som ikkje sjølv kan møta, kan
få andre (medlemmar) til å kjøpa for seg.
Husk at vi krev medlemskort og fisketrygdavg. også for
desse.
Ps. Fiskenemda som organiserer salget kan ikkje ordna med
kortkjøp til andre.
Etter forhåndsalget blir korta lagt ut for ordinært
salg i resepsjonen på kommunehuset på Tysse.
Her er korta å få kjøpt frå kl.
08.00 den 07.06.04.
|
Retningslinjer for sal av fiskekort
|