|
Aktivitetar/dugnadsarbeid
På fiskesida har vi alltid
fleire aktivitetar som er meir eller mindre faste kvart år.
I tillegg er det sjølvsagt andre aktivitetar som er
meir knytte til ulike prosjekt vi kan ha for oss.
Av faste aktivitetar kan nemnast: Sjekk av
kontrollkulpen i laksetrappa i oppgangssesongen, fangst av
stamfisk, stryking og innlegging av rogn samt tilsyn og drift
av klekkjeriet.
Dei siste åra har også fiskenemda arrangert fiskekonkurranse
ved fjorden for store og små.
Anna meir prosjektbasert arbeid kan vera, sjøaureprosjektet,
kvittingsprosjektet vedlikehald av klekkjeriet, kultiveringsarbeid
osv.
Eit er iallfall sikkert, det er alltid
noko å hengja fingrane i for oss som er interesserte
i fisk og fiskerelatert arbeid.
|
Bilde frå laksetrappa
med to fine stamfiskar frå fangstkulpen.
klikk
på bildet for
å se det større
|
|