Rasar mot utbyggingsplanar:

- BKK-planane er miljøkriminalitet

BKKs planar om å byggja eit nytt kraftverk ved Aldalselva og leggja ned Frøland kraftverk har fått gode skussmål frå ”Samla Plan” i Hordaland. Men prosjektet vil få store konsekvensar for vassføringa og fisken i Tysseelva. Ove Gåsdal ved Samnanger jeger- og fiskarlag kallar planane for ”miljøkriminalitet”.

Samningen - Terje Nilsen

Bygginga av eit nytt, moderne kraftverk ved Aldalselva vil få store konsekvensar for meir enn berre straumforbrukarar i bergensområdet. Gjennomfører BKK prosjektet vil ein stor del av vassføringa som no går ned Tysseelva enda opp i Aldalselva. Dermed vert det mindre vatn i Tysseelva, noko som igjen vil gjera forholda verre for lakseoppvandring i den ettertrakta fiskeelva.

Dette slær Fylkesmannens ”Samla Plan” fast i sin vurdering av BKKs visjonære prosjekt. Vassreduksjonen vert truleg på heile 58 prosent ved fjorden samanlikna med i dag, og vil gjera oppvekstvilkåra og gytearelaet verre for fisken, og samstundes levearealet mindre. I rapporten heiter det:

” Planane slik dei ligg føre om bygging av Aldal kraftverk vil truleg gje omfattande skader på fikseressursane i området.”

Likevel har Fylkesmannen valt å gje planen merkelappen ”kategori 1”, og dermed gitt det høg prioritet samanlikna med liknande utbyggingsplanar. Rapporten er no sendt ut til høyring, og om konklusjonen vert ståande står BKK fritt til å søka om konsesjon til utbygginga.

Lovar kamp
Leiar i Samnanger Jeger- og Fiskarlag, Ove Gåsdal, vart rasande då han las rapporten frå Fylkesmannen.

- Eg vel å kalla det miljøkriminalitet. Slik planane føreligg kjem dei til å få dramatiske konsekvensar for fisket i Tysseelva, seier han.

Gåsdal lovar at han og Jeger- og fiskarlaget ikkje kjem til å gi seg utan kamp.

- Om utbygginga vert ein realitet skal me i det minste ha ei solid minstevassføring i elva som kompensasjon, slær han fast.

Fylkesmannen føreslår å kompensera med å oppretta ein ny fiskeplass ved Aldalselva. Gåsdal er ikkje veldig imponert over det.

- Dei føreslår i realiteten at me skal fiska oppdrettslaks ved Aldalselva. Heilt hinsides, legg han til.

Gåsdal påpeikar og på at det finst faktiske feil i rapporten. I rapporten heiter det at vatn frå Samnangervassdraget ikkje vert nytta til drikkevatn.

- Det stemmer ikkje. Bustadene på Totland får drikkevatnet sitt derfrå, seier han.

Misnøye i kommunen
Heller ikkje Samnanger kommune er heilt nøgd med rapporten frå fylkesmannen.
- Me skulle ønska at ”Samla plan” hadde utgreia konsekvensane for livet i havet og elva betre. Me kan ikkje vera heilt nøgd med kva dei seier om lakseelva og livet i fjorden, seier Hans Kristian Stenerud ved Teknisk eining i Samnanger.

Kommunen og dei andre partane har fått frist på seg til 15. september med å koma med innspel til rapporten, og har allereie gjort seg opp nokre meiningar. Men fristen har dei ikkje sjanse til å halda.

- Eit så stort prosjekt tek tid å gå igjennom. Me fekk rapporten midt i ferien, med særs kort frist. Denne saka må opp i kommunestyret, og me har ingen sjanse til å halda den fristen dei har gitt oss, seier Stenerud.

Kva er planen?
I korte trekk er BKK sin plan å byggja eit nytt kraftverk inne i fjellet ved Aldalselva. Samstundes vil dei leggja ned Frøland kraftverk ved Frølandsvatnet. Kraftverket vart bygga i 1912, og har byrja å merka tidas tann. Eit av aggregata er no i så dårleg stand at det berre er eit tidsspørsmål før det må fasast ut for godt. Også dei to andre aggregata må gjerast noko med om kraftverket skal kunna overleva. Difor ønskjer BKK å kvitta seg med den tradisjonsrike kraftstasjonen.

- Frøland kraftverk må enten utfasast eller rustast opp frå botnen. Me meiner at utnyttinga av vassføringa vert mykje betre om me byggjer eit nytt, moderne kraftverk i Aldal, og legg ned Frøland, forklarar Ingvald Midtun ved BKK.

BKKs planar om utbygging i Samnanger har svirra rundt lenge, men no ser dei endeleg ut til å kunna omsetjast i noko meir konkret.

- Det er langt fram enno, men me reknar med å ha konsesjonssøknaden klar innan eit år, seier Midtun til Samningen.

Ser på konsekvensar
Samla Plan skal gje eit nasjonalt oversyn over kva for vassdrag det kan søkjast om konsesjon for å utvida.
- Det me har gjort er å sjå på dei ulike konsekvensane for dette prosjektet, mellom anna for fisken, drikkevatn, kulturminnevern og så vidare. Ut i frå dette har me gjeve prosjektet ein kategorisering, men framleis er det mange som skal koma til ordet før noko vert bestemt. Me er enno på eit veldig tidleg stadium, seier førstekonsulent Kjell Hegna hos Fylkesmannen i Hordaland.

 
   
Samnanger Jerger - og Fiskerlag
Kommentarer til sidene      sist oppdatert 25.10.2004